Velkomen til dåpsskule våren 2026.
I april 2026 er alle 1. klassingar ved Orre skule invitert til dåpsskule i Orre kyrkje!
Dåpsskule består av eit par samlingar i SFO-tid på torsdagar (ca. kl. 12.40-14.30) og ei avsluttande familiegudsteneste med utdeling av bok til alle deltakarane.
Påmelding finn du ved å trykka her eller scanna QR-koden: 
Datoar:
9. april - Dåpsskule
16. april - Dåpsskule
19. april - Gudsteneste kl. 11
Barna vert henta utanfor skulen rett etter skuleslutt. Me går samla til Orre kyrkje. Me har samling med bibelforteljing, song og ulike aktivitetar. Det vert servert boller og saft kvar samling.
Lyst å hjelpa til? Me treng praktisk hjelp til ulike oppgåver. Til dømes: Dekka og servera, hjelpe med barna med praktiske oppgåver, vera tilstades og halda ro og orden. Me håper at nokon har tid og lyst til å vera med ein torsdag ettermiddag og hjelpa til:)
Spørsmål? Ta gjerne kontakt med menighetspedagog Jan Erik Lerbrekk:
E-post: jl956@kirken.no Tlf. 90256031